Chillingham er ein landsby i Northumberland i England. Han ligg rundt 6 km (3,7 mi) aust for Wooler og sør for Chatton. Ved folketeljinga i 2011 hadde landsbyen under 100 innbyggjarar.

Chillingham
landsby
Land  England
Region North East England
Fylke Northumberland
Kommune Tillside Parish
Folketal 50  (2001[1])
Kart
Chillingham
55°31′37″N 1°54′14″W / 55.527°N 1.904°W / 55.527; -1.904
Wikimedia Commons: Chillingham, Northumberland

Chillingham utgjorde eit eige sokn (civil parish) som blei del av det nylaga Tillside Parish i 2003.[2]

Staden er kjend for Chillingham Castle, ein strategisk stad i grenselanda mellom England og Skottland, og chillinghamfe, ein flokk genetisk isolert kvitfarga kveg på rundt 90 individ som har funnest her sidan mellomalderen.

Landsbyen Hepburn og ruinane av eit bastle, ein befesta husbygning, ligg i utkanten av Chillingham Park.[3]

Minesveiparen HMS «Chillingham» fekk namn etter landbsyen.

Den irske komponisten Charles Villiers Stanford skreiv songen «Chillingham» inspirert av venleiken og freden i landskapet.

Folk frå Chillingham

endre

Kjelder

endre
  1. «Office for National Statistics: Neighbourhood Statistics». Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 25. oktober 2009. 
  2. «Tillside Civil Parish | Co-Curate», co-curate.ncl.ac.uk, henta 10. februar 2022 
  3. «Hepburn Bastle, Chillingham (The Gatehouse Record)», www.gatehouse-gazetteer.info, henta 19. februar 2022 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Chillingham