Chisone (piemontesisk Chison eller Cleson) er ei 50 km lang fjellelv i provinsen Torino i Italia. Ho er ei av sideelvane til Pellice, som igjen er ei sideelv til Po. Chisone renn gjennom Pragelato, Fenestrelle, Perosa Argentina og Pinerolo.

Chisone
elv
Land  Italia
Lengd 50 km
Kjelde Dei cottiske Alpane ved foten av Monte Barifreddo
Munning Pellice
Kart
Chisone
44°49′00″N 7°25′00″E / 44.816666666667°N 7.4166666666667°E / 44.816666666667; 7.4166666666667
Wikimedia Commons: Chisone

Elva har sitt utspring ved foten av Monte Barifreddo i Dei cottiske Alpane og renn først nordvestover gjennom naturparken Parco Naturale della Val Troncea. Elva går så langs ein stor halvsirkel gjennom Val Chisone og renn så austover forbi Monte Albergian. Chisone munnar ut i Pellice om lag 15 km aust for Pinerolo, den viktigaste busetnaden langs elva.

Kjelde

endre
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chisone frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Torino, Istituto geografico centrale, Cartina n. 1 Valli di Susa, Chisone e Germanasca,