Pinerolo
kommune i Italia
Pinerolo (fransk Pignerol) er ein by og kommune nordvest i Italia, 40 km sørvest for Torino ved elva Chisone. Byen har kring 35 000 innbyggjarar. Den militære hovslagarskulen (grunnlagd 1882) som finst her, er den einaste i slaget sitt i Italia.
Città di Pinerolo | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Piemonte Provinsen Torino | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
50 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2009) |
35 683 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 376 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 10064 | |
Telefon-retningsnummer | 0121 | |
Nettstad: www.comune.pinerolo.to.it |
Geografi endre
Byen ligg 37 km frå Torino på låglandet ved munningen av Val Chisone. Kommunen ligg på venstresida av elva Chisone, like før ho munnar ut i elva Pellice, som igjen like etter munnar ut i Po.
Sport endre
Under dei olympiske vinterleikane 2006 vart konkurransane i curling arrangert her.
Pinerolo var målby for den 17. etappen av Tour de France 2011.
Bakgrunnsstoff endre
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pinerolo
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Pinerolo» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2012.