Opna hovudmenyen
Monte Viso i Dei cottiske Alpane, sett frå Rochemelon
Aiguille de Scolette
Grand Galibier
Pain de Sucre

Dei cottiske Alpane (fransk: Alpes Cottiennes; italiensk: Alpi Cozie) er ei fjellkjede i dei sørvestlege områda av Alpane. Dei dannar grensa mellom Frankrike (Hautes-Alpes og Savoie) og Italia (Piedmont). Maddalena-passet ligg mellom fjellkjeda og Dei maritime Alpane, på andre sida av Col du Mont Cenis ligg Dei graiiske Alpane, på andre sida av Col du Galibier ligg Dauphiné-Alpane. Fréjustunnelane mellom Modane og Susa er ei viktig transportåre mellom Frankrike (Lyon, Grenoble) og Italia (Torino).

Dei cottiske Alpane er kjelda til elvane Durance og Arc og sideelvane deira på den franske sida. På den italienske sida er ho kjelde til elvane Dora Riparia og andre sideelvar til Po.

FjelltopparEndra

Dei høgste fjelltoppane i Kottialpane:

Viso 3 843 m Pointe Haute de Mary 3 212 m
Viso di Vallante 3 672 m Pain de Sucre 3 208 m
Aiguille de Scolette 3 505 m Mont Thabor 3 182 m
Aiguille de Chambeyron 3 412 m Pointe des Cerces 3 180 m
Brec de Chambeyron 3 389 m Tete des Toillies 3 179 m
Pic de la Font Sancte 3 387 m Monte Granero 3 170 m
Rognosa d'Etache 3 385 m Pic du Thabor 3 144 m
Rocca d'Ambin 3 377 m Mont Chaberton 3 135 m
Monte Niblè 3 365 m Tete de Moyse 3 110 m
Visolotto 3 348 m Monte Meidassa 3 105 m
Bric de Rubren 3 340 m Pelvo d'Elva 3 064 m
Pic de Rochebrune 3 324 m Pelvo d'Elva 3 064 m
Punta Sommeiller 3 321 m Rocca Bianca 3 059 m
Bric Froid 3 302 m Mont Politri 3 051 m
Grand Glaiza 3 286 m Mont Albergian 3 040 m
Rognosa di Sestriere 3 279 m Pic Caramantran 3 025 m
Panestrel 3 253 m Bric Bouchet 2 998 m
Peou Roc 3 231 m Pointe des Marcelettes 2 909 m
Grand Galibier 3 228 m Pic du Malrif 2 906 m
Pic du Pelvat 3 218 m Punta Cournour 2 868 m
 
Col Agnel har den høgste passhøgda av alle køyrevegane i Dei cottiske alpane

FjellovergangarEndra

Dei største fjellovergangane i Dei cottiske Alpane er:

NamnStadTypeHøgd (m)
Col Sommeiller Bardonecchia til Bramanssnø 2 962
Col de la Traversette Crissolo til Abrièsrideveg 2 950
Col d'AmbinExilles til Bramanssnø 2 854
Col de St Veran Valle Varaita til Queyrasdalensti 2 844
Col du Parpaillon Ubayedalen til Queyrasdalensti 2 780
Col d'Etache Bardonecchia til Bramansrideveg 2 787
Col AgnelValle Varaita til Queyrasdalenveg 2 744
Col Girardin Ubayedalen til Queyrasdalenrideveg 2 699
Col de Sautron Valle Maira til Barcelonnette rideveg 2 689
Col de Longet Ubayedalen til Valle Varaitarideveg 2 672
Col de Mary Ubayedalen til Valle Mairarideveg 2 654
Col d'Abriès Perosa til Abrièsrideveg 2 650
Col de la Roue Bardonecchia til Modanerideveg 2 566
Col du Fréjus Bardonecchia til Modanegrusveg 2 542
Col de ClapierBramans til Susarideveg 2 491
Col d'Izoard Briançon til Queyrasdalenveg 2 388
Col de la Croix eller Passo de la CroceTorre Pellice til Abrièsrideveg 2 309
Petit Mont Cenis Bramans til Mont Cenis-platåetrideveg 2 184
Col de VarsUbayedalen til Queyrasdalenveg 2 115
Mont Cenis Lanslebourg til Susaveg 2 101
Col de Sestriere Pinerolo til Cesana Torineseveg 2 021
Col de Larche/Maddalena-passet Ubayedalen til Sturadalenveg 1 991
Col de Montgenèvre Briançon til Susaveg 1 854
Col de l'Echelle Briançon til Bardonecchiaveg 1 760

KjelderEndra

Koordinatar: 44°45′N 7°00′E