Choe Ryong-hae (fødd 15. januar 1950) er ein nordkoreansk politikar og offiser som har vore formann for den ståande komiteen til den øvste folkeforsamlinga i Nord-Korea sidan 11. april 2019. Han er også, frå same dato, fyrste viseformann i Statskomiteen der Kim Jong-un er leiar.[1] Han er også viseformann og medlem av presidiet i Politbyrået i Det nordkoreanske arbeidarpartiet. I tillegg har han vore nestkommanderande i militærkommisjonen til partiet, etter leiaren Kim Jong-un.[2] Han er rekna som nummer tre i makthierarkiet i Nord-Korea, etter Kim Jong-un og statsminister Kim Tok-hun.[3]

Choe Ryong-hae

Fødd15. januar 1950 (74 år)
Sinchon
Statsborgar avNord-Korea
PartiDet koreanske arbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedKim Il-sung-universitetet
FarChoe Hyon
Alle verv
  • President of the Presidium of the Supreme People's Assembly (2019–)
  • First Vice Chairman of the State Affairs Commission
  • member of the Presidium of the Politburo of the Workers' Party of Korea
  • member of funeral committee of Hwang Sun-hui Sjå dette på Wikidata

Biografi

endre

Choe Ryong-hae blei fødd 15. januar 1950 i Sinchon i provinsen Sør-Hwanghae. Han er son av Choe Hyon, som kjempa saman med Kim Il-sung som geriljasoldat tilknytta Den nordaustlige anti-japanske arméen i Mandsjuria etter den japanske okkupasjonen i 1931. Choe Hyon fungerte seinare også som forsvarsminister i Nord-Korea. Choe Ryong-hae tilhøyrer dimed andre generasjons revolusjonære, noko som gir høg status blant nordkoreanarane.[4] Han gjekk inn i Den koreanske folkearméen i 1967, og han har studert politikk og økonomi ved Kim Il-sung-universitetet.[5]

Politisk karriere

endre

Choe byrja sin politiske karriere som politisk instruktør for det nordkoreanske arbeidarpartiet ved Kim Il-sung-universitetet i 1970.[4] Han steig i gradene innanfor det sosialistiske ungdomsforbundet til Kim Il-sung, der han blei viseformann i 1981 og formann i 1986. Frå 1986 var han også representant i Den øvste folkeforsamlinga, medlem av presidiet og medlem av sentralkomiteen. I 1990-åra leia han også det nasjonale fotballforbundet og det nasjonale taekwondoforbundet.[4] Han mista posisjonen sin i januar 1998 etter skuldingar om salsverksemd mot utlandet utan tillating. Han skal ha blitt teken til nåde etter at systera til Kim Jung-il greip inn til hans fordel og etter å ha gjennomgått omskulering.[6][7] Choe gjorde seg ikkje merka innan leiarskapet i landet før Kim Jong-il sin død i desember 2011. Han blei då sett på som ein nøkkelperson og støttespelar i maktovertakinga til Kim Jong-un. I april 2012 fekk han ei rekkje høge leiarverv; han blei utnemnd til chosu (den nest høgaste militære offisersgraden i Nord-Korea, tilsvarande ein posisjon mellom marskalk og general), medlem av politbyrået i partiet, viseformann i militærkommisjonen, sjef for det politiske byrået for Den koreanske folkearméen (som utgjer den politiske kontrollen med dei militære styrkane, underlagd forsvarsdepartementet) og medlem av den nasjonale forsvarskommisjonen.[8]

På eittårsdagen for Kim Jong-il sin død 16. desember 2012 var Choe iført generalsuniform, mens han to dagar tidlegare var iført visemarskalkuniforma.[9] I april 2014 blei han utnemnd til fyrste viseformann i Den nasjonale forsvarskommisjonen, noko som igjen styrka hans posisjon som nummer to i hierarkiet, men han blei deretter erstatta av visemarskalk Hwang Pyong-so som leiar for politbyrået til partiet.[10]

I januar 2015 blei det meldt at den nest eldste sonen til Choe, Choe Song, hadde gifta seg med systera til Kim Jong-uns, Kim Yo-jong.[11]

I 2017 blei Choe vald inn i den sentrale militærkommisjonen til partiet.[12]

I oktober 2017 blei Choe utnemnd til leiar for organisasjons- og rettleiingsavdelinga i partiet. Før Choe blei utnemnd hadde denne posisjonen lenge vore atterhalden Kim-familien. Hans forgjengar i stillinga var Kim Jong-un.[7]

I april 2019 blei Choe president i Den øvste folkeforsamlinga.[1]

Sanksjonar

endre

I desember 2018 sette USA i verk sanksjonar mot Choe og to andre nordkoreanske leiarar på grunn av mistanke om brot på menneskerettane og sensuraktivitetar.[13][2]

Familie

endre

Det er kjent at Choe har to søner og ei dotter.[14]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «N.K. leader re-elected as chairman of State Affairs Commission». Yonhap News Agency. 12. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Treasury Sanctions North Korean Officials and Entities in Response to the Regime's Serious Human Rights Abuses and Censorship». U.S. Department of the Treasury. 
  3. «North Korea's premier now ranks as top official. Is he Kim Jong Un's successor?». NK PRO. 1. august 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Choe Ryong Hae (Ch'oe Ryong-hae)». North Korea Leadership Watch. 23. februar 2018. 
  5. «Brief History of Member of Presidium, Members and Alternate Members of Political Bureau of C.C., WPK Elected to Fill Vacancies». Korean Central News Agency. 11. april 2012. 
  6. «14th meeting of Kim Il Sung Socialist Youth League CC held». Korean Central News Agency. 26. januar 1998. 
  7. 7,0 7,1 «Choe Ryong Hae to OGD? [revised 13 JAN 2018]». North Korea Leadership Watch. 13. januar 2018. 
  8. Ottens, Nick (13. april 2012). «Kim Jong-un Indispensable to North Korean Regime». Atlantic Sentinel. 
  9. «Choe Ryong Hae Taken Down a Peg?». North Korea Leadership Watch. 16. desember 2012. 
  10. Grisafi, John G. (3. mai 2014). «Choe Ryong Hae not purged, but no longer No. 2». NK News. 
  11. «Kim Jong Un's Little Sister Married Son of Top Regime Official, Report Says». The Wall Street Journal. 2. januar 2015. 
  12. «Choe Ryong-hae elected to N.K. ruling party's central military commission». Yonhap News Agency. 8. oktober 2017. 
  13. Morin, Rebecca (10. desember 2018). «U.S. sanctions 3 senior North Korean officials». Politico. 
  14. «NK leader's sister weds son of Choe Ryong-hae: sources». Yonhap News Agency. 2. januar 2015.