Mandsjuria (kinesisk: 滿洲; pinyin: Mǎnzhōu) er eit geografisk område på i kring 780 000 km² i det nordaustre Kina, og som svarar omtrent til provinsane Heilongjiang, Jilin og Liaoning. Over 90% av dei vel 110 millionar ibuarane er han-kinesiske, nokre få prosent er mandsjuar og koreanarar.

Kart over det historiske og dagens Mandsjuria

Mandsjuria grensar i nord og aust mot Russland, i søraust mot Nord-Korea, i sør mot Gulehavet, i sørvest mot Hubei-provinsen og i vest mot Indre Mongolia. Det meste av området består av ei vid, kupert slette, 50-200 meter over havet, omkransa av skogkledde fjell. Området er rikt på mineral.

Soge endre

Mandsjuarar erobra Kina i 1644 og danna eit dynasti som rådde i keisarriket til 1912. Då Tsar-Russland ekspanderte i det austlege Sibir på 1800-talet, vart mandsjuiske landområde nord for Amur i 1860 avstått til Russland. Etter den russisk-japanske krigen 1894-95 tvinga Russland seg til omfattande særrettar i Mandsjuria, rettar som Japan i stor mun tok over etter den russisk-japanske krig 1904-05 fekk eit anna utfall enn den førre krigen. For å motverke utlendingane si makt utnemnde den kinesiske keisaren ein visekonge over Mandsjuria, og oppmuntra han-kinesarar til å flytte dit. Då ein borgarkrig braut ut i Kina i 1911, mista den kinesiske sentralmakta kontrollen over Mandsjuria og krigsherren/røvargeneralen Zhang Zuolin rådde over landområdet. Japan invaderte Mandsjuria i 1931 og danna i 1934 lydriket Mandsjukuo, som bestod til 1945. Mandsjuria vart tilbakeført til Kina i 1946.

Kjelder endre

  • Gylderndals store konversasjonsleksikon. 1972