Christopher Henry Difford (fødd 4. november 1954)[1] er ein engelsk songar, musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var medlem og låtskrivar i den britiske gruppa Squeeze.

Chris Difford
Difford.Chris Sept2013.jpeg
Fødd4. november 1954 (65 år)
FødestadGreenwich
FødenamnChristopher Henry Difford
OpphavStorbritannia
Sjangernew wave
Instrumentvokal, gitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarSqueeze, Difford & Tilbrook
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Etter Squeeze vart lagt ned i 1983, har Difford skrive songar med Glenn Tilbrook for artistar som Jools Holland,[2] Helen Shapiro, Billy Bremner og Elvis Costello. Han har òg skrive tekstar Jools Holland, Elton John,[3] Wet Wet Wet,[4] Marti Pellow og andre. I lag med Tilbrook og John Turner laga han musikalen Labeled with Love, med songar av Squeeze.[5] Musikalen vart sett opp i Deptford i 1983, men raskt teken av. I 1984 gav paret ut albumet Difford and Tilbrook og hadde ein liten hit i Storbritannia med «Love's Crashing Waves» som nådde 57. plass på singellista i Storbritannia.[6] I 1985 vart Squeeze samla att. Difford slutta i gruppa i 1999 og gjekk solo med albumet I Didn't Get Where I Am i 2003.[7] Difford var òg manager for Bryan Ferry[8] og The Strypes.

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. Discogs.com
  2. Koda, Cub. Chris DiffordAllmusic. Henta 25. november 2011.
  3. «Elton John – The Duets Collection». www.discogs.com. Henta 19. januar 2015. 
  4. «Wet Wet Wet – The Little Picture». www.disogs.com. Henta 19. januar 2015. 
  5. «The Duke». www.thedukedeptford.com. Henta 19. januar 2015. 
  6. «Difford and Tilbrook - UK Charts». www.officialcharts.com. Henta 19. januar 2015. 
  7. «Chris Difford». www.allmusic.com. Henta 19. januar 2015. 
  8. Duerden, Nick (20. februar 2008). «Chris Difford: It's a bit of a Squeeze». The Independent. Henta 20. september 2013. 

BakgrunnsstoffEndra