Chris Erichsen

Chris Erichsen (fødd 20. juni 1955) er ein norsk musikar, journalist, kortfilmskapar, performancekunstner og redaktør. Han har gjeve ut plater med The Aller Værste!, Løver og Tigre og Ratataboo!, og som soloartist. Frå 2000 til 2006 var han redaktør for tidsskriftet Bok og bibliotek. Han var tidlegare medlem av Norges Kommunistiske Parti, der han var med i partileinga og var kulturredakør i partiavisa Friheten. Han har også vore informasjonsansvarleg ved Henie Onstad Kunstsenter. No er han redaktør for nettstaden scenekunst.no.

Chris Erichsen
Fødd20. juni 1955 (65 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka sompolitikar, songar, musikar, redaktør, gitarist

PlateutgjevingarEndra

Med The Aller Værste!:

  • «Blålys»/«På vei hjem» (Singel 1980)
  • TAV! (EP 1980)
  • «Blålys»/«På vei hjem»/«En av dem» (live) (EP 1980)
  • Materialtretthet (LP/MC 1980, CD 1990)
  • Disniland i de tusen hjem (LP/MC 1981, CD 2004)
  • «Hakk» (Singel 1981)
  • «Bare ikke nok» (live) (Flexisingel, 1986)
  • The Aller Værste! (Samle-CD 1999)

Med Løver og Tigre:

  • Grr (LP 1983)

Med Ratataboo!:

  • Ratataboo (CD 1993)

Soloutgjevingar:

  • «Eplepaien, Amerika og Gud» (Singel 1983)
  • «Spinn Spinn»/«Vokse og bli stor» (Singel 1987 - Chris Erichsens Orkester)
  • Hold meg fast (LP 1989 - Chris Erichsens orkester)

BakgrunnsstoffEndra