Løver og Tigre var eit kortvarig musikalsk samarbeid mellom Hot Club de Norvège, Sverre Knudsen og Chris Erichsen frå The Aller Værste! og Geir «Bulle» Underdal frå Kaare og Partiet, Siste Dagers Hellige og Betong Hysteria. Andre musikarar var også innom gruppa. Musikalsk blanda gruppa element frå new wave, pønk og jazz. Gruppa gav i 1983 ut plata Grr... i 3000 eksemplar, av dei hadde 2000 handmåla omslag, medan de resterande hadde eit omslag med bilete frå målingsprosessen.

Medlemmer endre

På plata Grr...:

  • Sverre Knudsen – song, elektrisk bass
  • Chris Erichsen – elektrisk gitar
  • Geir «Bulle» Underdal – (trommer)
  • Jon Larsen – akkustisk gitar
  • Per Frydenlund – akkustisk gitar
  • Svein Aarbostad – kontrabass
  • Ivan Brodal – fele

Andre medlemmer:

  • Audun Strype – kontrabass
  • Nils Økland – fele

Denne artikkelen er henta frå Wikipedia på bokmål 9. oktober 2006.