Chris Pinnick

Chris Pinnick (fødd i 1958) er ein amerikansk gitarist og låtskrivar, truleg mest kjend for arbeidet sitt med bandet Chicago i 1980-1986.

Chris Pinnick
Fødd1958 (63 år)
FødestadVan Nuys i California
Instrumentgitar
Tilknytte artistarChicago
Verka somMusikar

Pinnick vart fødd i Van Nuys i California og byrja å spele gitar då han var sju.[1] Ein av dei første jobbane hans var på Herb Alpert-singelen «Rise,» som gjekk til topps på Billboard Hot 100 i oktober 1979.

Etter gitaristen Donnie Dacus slutta i Chicago seint i 1979, vart Pinnick leigd inn som studiomusikar for albumet Chicago XIV. Han fortsette å turnere med bandet og vart verande andregitarist etter at dei henta inn Bill Champlin for Chicago 16. Då Chicago 17 kom ut i 1984, var Pinnick oppført som fulltidsmedlem i bandet, medan Pinnick sjølv hevda han aldri var medlem.[2] Uansett slutta han i gruppa i 1986 og vart etterfølgd av Dawayne Bailey.

Pinnick har òg arbeidd for Peter Cetera, Chuck Negron, Chet McCracken og Rick Devin.

KjelderEndra

  1. Roberta Lemon with Chris Pinnick
  2. BandtoBand.com

BakgrunnsstoffEndra