Peter Cetera

amerikansk musikar

Peter Paul Cetera (fødd 13. september 1944) er ein amerikansk songar, låtskrivar, bassist og produsent som er mest kjend som originalt medlem i rockegruppa Chicago og ein suksessrik solokarriere.[1] Som soloartist har han gjeve ut seks singlar som har nådd topp 40 i USA, mellom anna to som nådde toppen av Billboard Hot 100-lista.

Peter Cetera

2004
Fødd13. september 1944 (80 år)
FødestadChicago i Illinois i USA
FødenamnPeter Paul Cetera
OpphavUSA
Aktiv1962 til i dag
SjangerRock, adult contemporary, softrock, jazzfusion
InstrumentVokal, bassgitar, gitar, trekkspel, klaverinstrument
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarChicago
PlateselskapWarner Bros. Records, River North Records
Verka somSongar-låtskrivar
Gift medDiane Nini
BornSenna Cetera

Karriere

endre

Cetera spelte i eit band kalla the Exceptions då han seint i 1967 vart rekruttert til eit anna band, Chicago Transit Authority, for å spele bass. Tidleg i 1970-åra hadde Chicago vorte eit av dei mest populære banda i AMerika med jazzrock-hittar som «Does Anybody Really Know What Time It Is?» og «Saturday in the Park», mange av dei med Cetera på vokal. I 1976 skreiv han den florlette balladen «If You Leave Me Now», og då denne nådde toppen av salslistene byrja Chicago å spele meir musikk i same softrock-stilen i åra som følgde. Det gjekk ikkje like bra med bandet mot slutten av tiåret, men i 1982 vendte Chicago attende til toppen av hitlistene med «Hard to Say I'm Sorry» og fleire store hittar, som «Hard Habit to Break» og «You're the Inspiration», følgde.

Sjølv om Cetera spelte inn debutalbumet sitt i 1981, vart han vereande fulltidsmedlem med Chicago fram til 1985. Då han slutta i bandet gjekk han raskt til toppen av listene med «The Glory of Love», den første singelen frå albumet Solitude/Solitaire, som i tillegg var kjenningsmelodien til filmen The Karate Kid, Part II. Same året hadde han nok ein stor hit med «The Next Time I Fall», ein duett med Amy Grant. Eit år seinare produserte han Agnetha Fältskog sitt I Stand Alone, og i 1988 gav han ut One More Story med ein ny duett, «After All», med Cher. Etter ein fire år lang pause gav han ut World Falling Down, som vart det siste albumet hans for Warner Bros. One Clear Voice kom ut i 1995, og i 1997 gav Cetera ut samleplata You're the Inspiration, med gamle hittar og nye songar. Cetera vendte attende til rampelyset i 2001 med Another Perfect World. I 2004 gav han ut julealbumet You Just Gotta Love Christmas.

Diskografi

endre

Singlar

endre
År Singel Plassering Album
US

[3]

US AC

[4]

US Adult

[5]

US Main

[6]

US Pop

[7]

UK
1982 «Livin' in the Limelight» 6 Peter Cetera
1983 «Hold Me 'Til the Morning Comes»
1986 «Glory of Love» 1 1 3 Solitude/Solitaire
«The Next Time I Fall» (med Amy Grant) 1 1
1987 «Big Mistake» 61
«Only Love Knows Why" 24
1988 «One Good Woman» 4 1 One More Story
«Best of Times» 59 22
«You Never Listen to Me» 32
1992 «Restless Heart» 35 1 36 World Falling Down
1993 «Feels Like Heaven» (med Chaka Khan) 71 5
«Even a Fool Can See» 68 3
1995 «(I Wanna Take) Forever Tonight» (med Crystal Bernard) 86 22 33 One Clear Voice
1996 «One Clear Voice» 12
«Faithfully» 13
1997 «You're the Inspiration» 77 29 You're the Inspiration: A Collection
«Do You Love Me That Much» 6
1998 «She Doesn't Need Me Anymore» 27
2001 «Perfect World» 21 Another Perfect World
2005 «You Just Gotta Love Christmas» 39 You Just Gotta Love Christmas
«Something That Santa Claus Left Behind» 37
«—» syner at singelen ikkje gjekk inn på lista

Filmmusikk

endre

Fjernsyn

endre

Kjelder

endre
  1. «Peter Cetera». last.fm. Henta March 18, 2010. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Peter Cetera». Discogs. Henta March 18, 2010. 
  3. «Peter Cetera Album & Song Chart History – Hot 100». Billboard. Henta 29. august 2014. 
  4. «Peter Cetera Album & Song Chart History – Adult Contemporary». Billboard. Henta 29. august 2014. 
  5. «Peter Cetera Album & Song Chart History – Adult Pop Songs». Billboard. Henta 29. august 2014. 
  6. «Peter Cetera : Allmusic : Billboard Singles». Allmusic. Henta 29. august 2014. 
  7. «Peter Cetera Album & Song Chart History – Pop Songs». Billboard. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre