Christopher James Harley, kjend under scenenamnet Chris Rainbow (18. november 194625. februar 2015), var ein skotsk [1][2] songar og musikar[3] som hadde to hittar med songane «Give Me What I Cry For» og «Solid State Brain» i 1970-åra

Chris Rainbow
Fødd18. november 1946(1946-11-18)
FødestadGlasgow i Skottland
Død22. februar 2015 (68 år)
DødsstadIsle of Skye i Skottland
FødenamnChristopher James Harley
AliasChristopher Rainbow
OpphavStorbritannia
Aktiv1971–2015
SjangerPoprock, ambient
Instrumenttangentinstrument, vokal
Tilknytte artistarAlan Parsons Project, Runrig, Camel
PlateselskapEMI, Polydor, Vital Spark Music
Verka somSongar, plateprodusent, låtskrivar

I tillegg til solokarrieren sin var han vokalist og arrangør for mange rockeband og soloartistar. I seinare tid eigde han sitt eige studio og arbeidde som produsent.

I 1972 og 1973 var Rainbow involvert i bandet Hopestreet, før han byrja å spele inn solomateriell. Han gav ut tre soloalbum, Home of the Brave i 1975, Looking Over My Shoulder i 1977 og White Trails i 1979. I 1979 byrja Rainbow som medlem i The Alan Parsons Project og tidleg i 1980-åra vart han medlem av Camel, og var med på albuma The Single Factor og Stationary Traveller.

Som produsent har Rainbow produsert fleire album for det skotsk-gæliske rockebandet Runrig.[1]

Han døydde i 2015 etter å ha slite i lengre tid med Parkinsons sjukdom.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Biography: Chris Rainbow». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 2012-02-06. Henta 26. februar 2015. 
  2. . «Chris Rainbow, Singer With Alan Parsons Project and Camel, Dies». Ultimateclassicrock.com. Henta 10. november 2019. 
  3. Borack, John M. (2007). Shake some action: the ultimate power pop guide. Shake Some Action – PowerPop. s. 184–. ISBN 978-0-9797714-0-8. Henta 10. november 2019. 
  4. Michael Russell, «Tributes paid to Skye musician and producer,» West Highland Free Press, 9. mars 2015, henta 27. oktober 2019.

BakgrunnsstoffEndra