Runrig er ei skotsk folkrock-gruppe som blei danna av brørne Rory og Calum MacDonald frå Uist på Hebridane og vennen deira Blair Douglas i 1973 på øya Skye vest i Skottland. Dei spelte den første konserten sin i Kelvin Hall i Glasgow. Dei er kjende for songtekstane sine på skotsk-gælisk, men syng òg på engelsk. Katthult-vokalisten Aud Ingebjørg Heldaas frå Noreg song med på songen «In Scandinavia» på albumet Everything You See[1]

Runrig
Runrig concert.jpg
Aktiv1973–
SjangerKeltisk musikk
PlateselskapChrysalis

HistorieEndra

MedlemmerEndra

Donnie Munro frå Skye blei med i Runrig i 1974, året etter at gruppa blei skipa, og Runrig byrja å spela utanfor heimeområdet sitt. Douglas forlét gruppa på slutten av 1978 og blei erstatta av Robert MacDonald. Denne samansetninga fortsette til Douglas igjen blei med i 1978, og Malcolm Jones blei gitarist som erstatning for Robert MacDonald som forlét gruppa. Allereie det neste året forlét Douglas gruppa igjen for å bli solomusikar. I 1981 kom trommeslagaren Iain Bayne (tidlegare New Celeste) med saman med tangentspelaren Richard Chearns. Opphaldet til Cheams blei kortvarig, og han blei erstatta av Pete Wishart (tidlegare Big Country) i februar 1986. Denne samansetninga er blitt rekna som det klassiske Runrig, og varte i elleve år.

I 1997 forlét førstesongaren i gruppa, Donnie Munro, Runrig for å følgja ein karriere som politikar, men blei seinare òg ein solomusikar med ein god del suksess. Dei gjenverande medlemmene vurderte på å oppløysa gruppa, men etter ei lengre leiting erstatta dei Munro med den kanadiske folkemusikksongaren og komponisten Bruce Guthro. Denne avgjerda delte Runrig-tilhengjarane: Nokre har argumentert at tapet av den særeigne songen til Munro og evna hans til å synga både skotsk gæliske og engelske songtekstar ikkje er blitt tilstrekkeleg oppvegen av den adskilleg lysare stemma til Guthro, som heller ikkje beherskar skotsk gælisk. Andre hevdar at sidan Guthro har ei anna stemme har han gjort det mogleg for Runrig å utvikla seg i nye retningar som ikkje var moglege med Munro.

I 2001 forlét tangentspelaren i gruppa Peter Wishart Runrig då han blei vald som parlamentsmedlem for Tayside for Skottlands nasjonale parti – Scottish National Party – og i 2005 blei han gjenvald. Brian Hurren kom inn som erstattaren hans.

Noverande medlemmerEndra

Tidlegare medlemmerEndra

  • Peter Wishart (tangentspelar)
  • Donnie Munro (førstesongar)
  • Blair Douglas (trekkspel og tangentspelar)
  • Robert MacDonald (trekkspel)
  • Richard Cherns (tangentspelar)
  • Campbell Gunn (vokal)

MusikkEndra

Runrig gav ut sitt fyrste album i 1978. Play Gaelic var banebrytande ettersom alle songane var på nettopp skotsk gælisk. Musikken er lett, varm og akustisk. Albumet blei gjeve ut att i 1990 som Play Gaelic, the first legendary recording. Det andre albumet deira, The Highland Connection, kom ut eit år seinare på gruppa sitt eige plateselskap, Ridge Records. Plata var eit overgangsalbum som hadde jamrande elektriske gitarar strødd med vakre balladar. Her kom den første utgåva av den tradisjonelle skotske songen «Loch Lomond». Ei seinare utgåve skulle bli ein signatursong for Runrig, og den som avslutta konsertane deira.

Det kunstnariske gjennombrotet til gruppa kom med Recovery i 1981, ei tematisk innspeling som handla om framveksten og politikken til det gæliske samfunnet i Skottland.

I 1982 gav gruppa ut sin fyrste singel, ei gjeninnspilling av «Loch Lomond», og med dette byrja kjennskapet om Runrig å spreia seg utanfor det skotske høglandet og øyane. I 1984 skreiv dei kontrakt med det vesle plateselskapet Simple Records, – ei avgjerd som nesten gjorde slutt på gruppa. Det blei gjeven ut to singlar, der den fyrste, «A Dance Called America», fekk mastertapen øydelagd i mikseprosessen øydelagt slik at høyrdest falsk ut, medan den andre, «Skye», blei arrangert på ein måte som skuffa både publikum og gruppa sjølv. Ein lengre versjon av «Skye» blei seinare gjeven ut att på samlealbumet frå Alba Records kalla A Feast of Scottish Folk Music, volume 1, saman med ein tidleg versjon av «Lifeline» og den gæliske songen «Na H-uain as T-Earrach» som først hadde vore B-side til «A Dance Called America».

Gruppa frigjorde seg frå plateselskapet og gjekk tilbake til sitt eige plateselskap Ridge Label. Ho fekk knytt til seg musikkprodusenten Chris Harley (òg kjend som Chris Rainbow), som løfta innspelingane deira gjennom sine eigne erfaringr som solomusikar og som songar med både The Alan Parsons Project og Camel. Springbrettet til den store marknaden kom med albumet Heartland frå 1985 – eit sterkt album med samansveisa gælisk musikk og rock. I 1987 gav gruppa ut det fyrste albumet sitt for det store plateselskapet Chrysalis Records, The Cutter and the Clan.[2] Frå no av fekk gruppa aukande suksess i Storbritannia og dei neste ti åra, frå 1987 til 1997, var den mest suksessfulle perioden for Runrig med ei rekke listeplasseringar.

Seinare tidEndra

Populariteten til bandet i Storbritannia har dalt noko sidan 1997, men han har til gjengjeld vakse andre stader. Runrig er til dømes populære i Danmark, der dei har opptredd fleire gangar og spelte inn albumet Everything You See i mai 2007. Til dette albumet blei norske Aud Ingebjørg Heldaas frå bandet Katthult flogen til Danmark for å synga på balladen «In Scandinavia». Ho blei beden om å synga på gebrokke nt engelsk, etter som det skulle høyrast eksotisk ut for skottar. Albumet gjekk straks til toppen av dei danske musikklistene.

Runrig har turnert fleire gonger i England, Danmark og Tyskland, i tillegg til i Skottland. Dei gav ut eit nytt album på sitt eige merke, Ridge Records, i 2001. The Stamping Ground blei sett på som ei form for heimkome etter det meir ensformige og glanslause In Search of Angels (1999). For albumet Proterra frå 2003 var meiningane endå meir delte igjen.

Runrig spelte den første konserten sin i USA den 4. april 2006 på Nokia Theatre i New York som del av veldigheitskonserten «Glasgow the Caring City». Dette var òg ei form for gjenforeining ved at den tidlegare medlemmen Blair Douglas deltok på scena og spelte trekkspel på fleire songar. Blant publikum var det kome tilhengarar frå så langt unna som Texas, Alabama, Florida, Colorado, Minnesota i USA, og Skottland. I 2007 var det planlagt ein større utandørskonsert ved Loch Ness i Skottland den 18. august på Borlum Farm i Drumnadrochit.

PlateutgivingarEndra

Studioalbum

  • Play Gaelic (1978)
  • The Highland Connection (1979)
  • Recovery (1981)
  • Heartland (1985)
  • The Cutter And The Clan (1987)
  • Searchlight (1989)
  • The Big Wheel (1991)
  • Amazing Things (1993)
  • Mara (1995)
  • In Search Of Angels (1999)
  • The Stamping Ground (2001)
  • Proterra (2003)
  • Everything You See (2007)

Konsertalbum

  • Once in a Lifetime (1988)
  • Transmitting Live (1994)
  • Live At Celtic Connections (2000)
  • Day Of Days (2004)

Samlealbum

  • Long Distance (1996)
  • The Gaelic Collection (1998)
  • The Best (2005)

Konsertutgjevingar på DVD

  • City of Lights
  • Wheel in Motion
  • Air an Oir
  • Day of Days

KjelderEndra

  1. NRK: Til topps i Danmark
  2. Plata hadde vært utgitt av Ridge Label kort tid før Runrig signerte med Chrysalis.

BakgrunnsstoffEndra