Christopher Alan Young (fødd 12. juni 1985) er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar. I 2006 vann han sesong 4 av fjernsynsshowet Nashville Star. Etter dette fekk han kontrakt hos RCA Records Nashville og gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt same året. Det gav han han to hitsinglar på Hot Country Songs-lista med «Drinkin' Me Lonely» og «You're Gonna Love Me». Det andre albumet hans, The Man I Want to Be, kom ut 1. september 2009. Det inneheld singlane «Voices», «Gettin' You Home (The Black Dress Song)» og tittelsporet, som alle nådde toppen av countrylista. Det tredje albumet til Young, Neon, gav han to førsteplassar til med «Tomorrow» og «You» i 2011 og topp 5-hitten «I Can Take It from There» i 2012. Oppfølgjaren A.M. frå 2013, og produserte tre nye singlar som nådde topp 5 «Aw Naw», «Who I Am with You» og «Lonely Eyes». Det femte albumet hans, I'm Comin' Over, kom ut 13. november 2015. I 2017 vart Young innlemma i Grand Ole Opry.

Chris Young

Fødd12. juni 1985 (38 år)
FødestadMurfreesboro
FødenamnChristopher Alan Young
OpphavMurfreesboro i Tennessee i USA
AktivSidan 2002
Sjanger
Instrument
    • Vokal
    • gitar
Tilknytte artistar
PlateselskapRCA Nashville
Verka som
    • Songar
    • låtskrivar

Diskografi endre

Studioalbum

Songar endre

Singlane hans er mellom anna

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chris Young