Opna hovudmenyen

Christian Erlandsen

norsk politikar

Christian Erlandsen (2. mars 192610. oktober 2016) var ein norsk psykiater og politikar frå Oslo som representerte Hedmark fylke og partiet HøgreStortinget frå 1977 til 1985.

Christian Erlandsen
Fødd 2. mars 1926
Aker
Død

10. oktober 2016

Yrke politikar, psykiater

Far til Erlandsen var ingeniør. Sjølv studerte han medisin frå 1944, og vart utdanna cand.med. i København i 1952. Frå 1955 til 1958 var han lege ved Sanderud sykehus på Ottestad i Hedmark. I tida 1958-62 dreiv han allmennpraksis i Stange herad. Han engasjerte seg i politikken og var medlem i Stange kommunestyre 1964-77 og 1987-95.

Etter å ha utdanna seg til spesialist i psykiatri i 1963, vart Erlandsen same året på ny tilsett ved Sanderud sykehus. Frå 1969 til 1977 var han overlege på sjukehuset, eit tiår seinare var han sjeflege i to periodar på til saman fem år. I mellomtida var han stortingsrepresentant 1977-85 frå Hedmark, heile tida som medlem av Sosialkomiteen, sekretær i komiteen i den siste fireårsperioden. Valperioden 1989-93 møtte han elles nokre veker på Tinget som varamann.

Erlandsen var 1985-87 avdelingsdirektør i Helsedirektoratet og 1989-91 fylkespsykiater i Hedmark og Oppland.

KjelderEndra