Ein psykiater er ein lege med vidareutdanning i psykiatri.

Utdanning endre

Ein lege har seks års grunnutdanning ved eit medisinsk fakultet på eit universitet og atten månader praksisteneste (turnus). Alle legar har psykiatri som ein del av grunnutdanninga.

Ein psykiater har i tillegg ei videreutdanning på minst fem år i psykiatri.

Vidareutdanninga/spesialiseringa føregår ved at ein arbeider som lege under rettleiing på forskjellige psykiatriske behandlingsavdelingar samtidig som ein følgjer eit strukturert undervisningsopplegg. For å bli psykiater må ein også ha tre års psykoterapierfaring med rettleiing. Vidareutdanninga for andre legespesialitetar skjer på tilsvarande måte (indremedisinar, nevrolog, kirurg, augelege etc).

Psykiatrar og psykologar endre

Mange er usikre på skilnadane mellom ein psykiater og ein psykolog.

Ein psykolog har i si seksårige grunnutdanning ved eit universitet opplæring i både normalpsykologi og i klinisk psykologi.

Psykologar kan deretter spesialisere seg i klinisk psykologi (bli psykologspesialist) ved å i løpet av fem år følgje bestemte vidareutdanningskurs, skrive ein vitskapleg artikkel og jobbe som psykolog.

Psykologar kan i Noreg og i dei fleste andre land ikkje skrive ut medikament.

Psykisk helsevern endre

Både legar og psykologar jobbar i psykisk helsevern, eventuelt som psykiatrar eller psykologspesialistar. Arbeidsoppgåvene er ofte overlappande, til dømes ved fleire typar utreiingsarbeid og ved samtalebehandling/psykoterapi.

Andre faggrupper som jobbar i psykisk helsevern er sjukepleiarar (eventuelt spesialisert i psykiatri), kliniske sosionomar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpepleiarar.

Sjå også endre