Christian Meyer (fødd 22. oktober 1977) er ein norsk, tidlegare skihoppar og seinare trenar. Han er fødd i Orkdal, tevla for Selbu Idrettslag og treningsgruppa Trønderhopp. Meyer vann NM-sølv i normal bakke i 1999, Morten Ågheim vart noregsmeister.

Christian Meyer
Meyer Christian.jpg
Fødd 22. oktober 1977 (42 år)
Orkdal
Yrke skihoppar

AktivEndra

Meyer debuterte i verdscupen sesongen 1996/97 med ein 28. og ein 30. plass i de to renna han fekk delta i den sesongen. I sesongen 1998/99 deltok han i 22 verdscuprenn. Hans beste individuelle plassering var ein 6. plass i Zakopane 16. januar 1999, og han enda den sesongen på 31. plass i verdscupen med 168 poeng. Åra 2002-04 deltok Meyer i kontinentalcupen i skihopping, men utan å oppnå topplasseringar.

Besteplassering i internasjonale rennEndra

  • 1999: Nr 6 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

Han la opp i 2004.

TrenarEndra

Meyer har vore trenar i Trønderhopp. Han overtok i 2011 som hovudtrenar for det norske kvinnelandslaget.[1]

Kjelder og fotnotarEndra