Christian Ringnes

Christian Ringnes (fødd 3. mars 1954) er ein norsk forretningsmann som frå 1984 har vore ein aktiv investor i fast eigedom, og no er største eigaren og administrerande direktør i eigedomsselskapa Eiendomsspar og Victoria Eiendom. Han er utdanna siviløkonom frå Université de Lausanne i Sveits og MBA frå Harvard Business School i USA.

Christian Ringnes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1954 (70 år)
Oslo
Yrke kunstsamlar, forretningsdrivande
Christian Ringnes på Commons
Småflaskemuseet til Christian Ringnes, The Mini Bottle Gallery, som òg vert nytta som konferanse- og selskapslokale.

Christian Ringnes er kjend for å samle på miniflasker utan innhald, nokre med innhald, i eit Småflaskemuseum (The Mini Bottle Gallery) i ein bygard i Kirkegata i Oslo sentrum, der han dessutan driv konferanse- og selskapslokale. Han er òg kjend for å vere ein aktiv samlar av kunst, og for å stå attom den omdiskuterte skulpturparken Ekebergparken, opna i 2013 i Ekebergskråninga i Oslo, den solfylte, skogdekte vesthellinga av Ekeberg ned mot Bjørvika. Han (Eiendomsspar) har dessutan kjøpt det nedlagde Folketeatret og gjort det til ei privat konsert- og teaterscene.

Christian Ringnes er fødd i Oslo som son av Christian Ringnes senior. Han voks opp i Halvdan Svartes gate på Frogner i Oslo. Familien flytta til Vinderen i Oslo då han var åtte år, og han gjekk på Vinderen skole, seinare Ris gymnas, og tente verneplikta som befal i Hærens sanitet i Nord-Noreg. Ætta stammer frå garden Ringnes attmed Krøderen.

Christian Ringnes er oldebarn av Ellef Ringnes, som saman med sin bror Amund skipa Ringnes Bryggeri i Oslo i 1877. Bryggeriet vart selt ut av familien av Christian Ringnes senior.

Bakgrunnsstoff endre