Siviløkonom er ein tittel for ein person som har avlagt høgare utdanning innan økonomi av 4 års lengd, eller eksamen frå godkjent utanlandsk universitet. Tittelen siviløkonom (og sivilingeniør) var tidlegare verna i Noreg. Etter gjennomføring av Kvalitetsreformen for utdanning i Noreg med innføring av 3-årig bachelorgrad og deretter 2-årig mastergrad vert siviløkonom gjeve som sidetittel til graden Master i økonomi og leiing ved BI Oslo eller Master i økonomi og administrasjon ved NHH (Norges Handelshøyskole). Dei med fireårig siviløkonomutdanning kan ta eittårig vidareutdanning for å oppnå mastergraden ved mellom andre Høgskulen i Bodø og Handelshøgskulen BI.

Tittelen Siviløkonom vert no forvalta av Økonomene (tilknytt Akademikarane) som er ein medlemsorganisasjon med 14 000 medlemmer.

Utdanningsinstitusjonar som tilbyr godkjent siviløkonomutdanning i Noreg: