Bjørvika, av gamalnorsk Bǿjarvík, som tyder «Byvika», er ei vik i Oslo av Indre Oslofjord mellom bystroket Gamlebyen i aust og Akersneset som Akershus slott og Vippetangen ligg på i vest, og bystroket Grønland i nord. Namnet Bjørvika er i dag òg vorte namnet på det til dels heilt nybygde bystroket som for det meste ligg på gamle og nye utfyllingar i vika.

Kart frå 1917 over Bjørvika.
Operaen og Barcode (flyfoto 2015)
Den nye hovudgata gjennom Bjørvika, Dronning Eufemias gate, fotografert mot aust i mai 2014.
Foto: Helge Høifødt
Gamalt fotografi av kaia langs sørsida av Oslo Austbanestasjon inst i Bjørvika.

Utfyllingane resulterte i si tid i at det vart to viker av den gamle vika her, Bjørvika i vest og Bispevika i aust. Til å byrje utvida landområdet seg på grunn av slam som Akerselva førte med seg ut i Bjørvika, mellom anna store mengder sagflis frå sagbruka som låg oppetter elva til fram på midten av 1800-talet, og av industriavfall frå dei mange fabrikkane som vart bygd langs elva frå midten av 1800-talet etter at tida for sagbruksverksemda og trelasteksporten var til endes. Seinare har det vorte gjort meire målmedvetne utfyllingar og lagd til bryggar og industribygningar, som til dømes Nylands mekaniske verksted (nedlagd og nedrive) ved utløpet av Akerselva.

I andre halvdelen av 1900-talet har mellom anna tunnelmasse frå utbygginga av tunnelbana i Oslo vore nytta til utfylling i vika, og det vart lagt eit stort og arealkrevjande vegsystem med planfrie kryss inst i vika. Utfyllingane har mellom anna resultert i at bygningar som tidlegare låg ved brygger og kaier no ligg til dels langt inne på tørt land. Til dømes låg både Oslo Austbanestasjon og den gamle sjøtollbygningen, Tollboden i Tollbugata 1, tett attmed kaiene, men dette er nesten ikkje til å tru i dag.

Det store vegsystemet inst i vika vart fjerna i det fyrste tiåret av 2000-talet for å kunne etablere eit nytt bystrok i området. I Bjørvika ligg no mellom anna Oslo Sentralstasjon, Operahuset og ei mengd nye forretnings- og bustadbygg.

Bakgrunnsstoff endre