Opna hovudmenyen

Christian Sommerfelt

Norsk politikar

Christian Sommerfelt (27. februar 181917. juli 1903) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Saltdal.

Christian Sommerfelt
Fødd 27. februar 1819
Død

17. juli 1903

Yrke botanikar, politikar

Sommerfelt var son til ein prest, og vart student frå Møllers institutt i 1837. Han vart cand.theol. i 1842, studerte seinare samisk, tok eksamen ved universitetet i Christiania. Etter å ha fullført dei teologiske studiane var han huslærar hos soknepresten i Asker, før han i 1845 var lærar ved ein privatskule på Lillehammer. Åra 1847-49 underviste han ved ein «høiere» allmennskule i Ringebu. Frå 1850 til -59 var Sommerfelt sokneprest i Nesseby, sidan hadde han tilsvarande embete i Etne 1859-67, i Aurdal 1867-74, før han avslutta yrkeslivet med 20 års teneste som sokneprest i Trøgstad.

Sommerfelt var i 1854 4. representant til Stortinget frå Finmarkens amt. Han var då medlem av justiskomite nr 1. På stortinget 1865-66 var han 5. representant for Søndre Bergenhus amt, medlem av gasjekomiteen.

Sommerfelt var mykje interessert i naturvitskap, og gjorde grundige botaniske studiar. Plantesamlinga si gav han til Universitetet i Oslo.

Han døydde i Kristiania.

KjelderEndra