Christian Stephansen
Lauritz Christian Stephansen (8. september 1801–7. august 1863) var ein norsk skipper, handelsmann, skipsreiar og stortingsmann frå Tjølling i Vestfold.
Christian Stephansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. september 1801 |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande, politikar |
Språk | norsk |
Stephansen var son til ein prest. Fram til 1832 var han skipper, slo seg då ned i Arendal der han dreiv handel og var skipsreiar. På eigedomen Strøsmbones ved Arendal dreiv han eit skipsverft.
Han var medlem av bystyret i Arendal frå 1839, tida 1848-61 sat han i formannskapet. Stephansen var sterkt delaktig både då det vart oppretta skipsassuranseforeing og då eit sjøforsikringsselskap vart danna. Han var medlem av kongelege kommisjonar vedkomande loslova i 1849, sjøfartslova i 1850 og eksamensording for styrmenn i 1856. I 1847 møtte han og ein svenske i Paris med fullmakter til å forhandle fram ein handelsavtale mellom Noreg og Sverige på den eine sida og Frankrike på den andre. Saman med Henrik Helliesen forhandla han i 1858 i Hamburg om å take opp eit stort statslån.
Stephansen vart vald å representere Arendal og Grimstad på Stortinget 1857-58. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1857. Men han var med på omframstortinget i 1858, der han var medlem av finanskomiteen.
Han døydde på eigedomen Strømsbones i 1863. Enka oppretta 'Christian Stephansens legat', stort kr 7 000. Midlane frå legatet skulle gå til gamle og verdig trengande sjømenn.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914