Christopher Andreas Holmboe

norsk filolog

Christopher Andreas Holmboe (19. mars 17962. april 1882) var ein norsk språkmann og numismatikar. Bernt Michael Holmboe var ein eldre bror.

Christopher Andreas Holmboe

Fødd19. mars 1796
Vang
Død2. april 1882
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, redaktør, filolog, numismatiker
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materOslo katedralskole
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Gesellschaft für Geschichte und Altertumskunde der Ostseeprovinzen Russlands

Holmboe var fødd i Vang i Valdres der far hans var sokneprest, men voks for det meste opp i Eidsberg. Etter å ha vorte cand.theol. i 1818, studerte han arabisk og persisk språk i Paris i 1821–22. Sidan var han lektor, til han i 1825 vart utnemnd til professor i austerlandske språk ved universitetet i Christiania. Denne stillinga hadde han til han tok avskjed i 1876.

Holmboe spela ei større rolle som numismatikar enn som språkmann. «Han hadde store kunnskapar, men var ukritisk som språkmann».[1] Hans mest kjente verk er Bibelsk Realordbog frå 1868. I den lange perioden 1830–76 var han styrar av myntkabinettet til Universitetet i Christiania. Han grunnla i 1834 Norske Universitets- og Skole-Annaler, ein skriftserie han gav ut i seks år.

Holmboe var medlem av fleire lovkommisjonar som la grunnen til reformer i det norske undervisningssystemet. Han var også mellom dei som tok del i arbeidet med ei ny omsetjing av Det gamle testamentet.

Han døydde i Kristiania.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955

Notar endre

  1. Norsk Allkunnebok. VI. bandet:269