Chuburegionen
Chuburegionen (中部地方 Chūbu-chihō) er ein japansk region som dekkjer den midtre og breiaste delen av Honshu, hovudøya i Japan. Chuburegionen ligg vest for Kanto og aust for Kansairegionen. Han har kyst mot Japan- og Stillehavet. Fleire fjell, som dei japanske Alpanae og nasjonalfjellet Fuji, ligg her. Den største byen er Nagoya.

Ni prefektur ligg i Chubu: Aichi, Fukui, Gifu, Ishikawa, Nagano, Niigata, Shozuoka, Toyama og Yamanashi.
Chubu blir tidvis også delt inn i tre mindre regionar: Hokuriku i nordvest, Kōshin'etsu i nordaust og Tōkai i sør.
«Chūbu-chihō» tyder 'den sentrale regionen'. Den sentrale flyplassen Chubu Centrair internasjonale lufthamn ligg på ei kunstig øy 35 km sør for Nagoya.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Chūbu region» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.