Cynthia Lee Nelson, kjend som Cindy Nelson, (fødd 19. august 1955) er ein USA-amerikansk tidlegare alpin skirennar frå Lutsen i Minnesota som vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1976, og tok VM-sølv i kombinasjon i 1980, og i utfor i 1982.

Cindy Nelson
Cindy Nelson 1975.jpg
Fødd 19. august 1955
Lutsen Township
Yrke alpinist
Cindy Nelson på Commons

AktivEndra

Nelson fekk sitt gjennombrot då ho vann eit utforrenn i verdscupen i alpine greiner i sveitsiske Grindelwald den 13. januar 1974. Ni år seinare tok ho sin sjette og siste rennsiger i verdscupen, fordelt på tre i utfor og ein kvar i storslalåm, kombinasjon og i super-G. 15 av i alt 25 pallplasseringer kom i yndlingsgreina utfor.

Etter ein 11. plass i slalåm i VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, vann Nelson bronsemedaljen i utforrennet under Vinter-OL 1976 i Innsbruck. I dei neste to meisterskapane, alpin-VM 1978 i Garmisch-Partenkirchen og Vinter-OL 1980 i Lake Placid vart ho høvesvis nummer og sju i utfor-tevlingane. I lag med pene plasseringar i OL-slalåm og storslalåm i Lake Placid enda då Nelson opp med sølvmedaljen i kombinasjonen, ei tevling som ikkje stod på OL-programmet, men FIS-programmet.

Nelson vann sølvmedaljen i utfor då VM i alpine greiner 1982 vart arrangert i Schladming, einast kanadiske Gerry Sorensen rann fortare. Etter svakare plasseringar i 1984- og 1985-sesongane, la Nelson opp våren 1985.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar