Gips
Gips er eit mjukt mineral danna av kalsiumsulfat, med formelen CaSO4·2H2O.[3]
Gips | |||
Trådaktig gips-selenitt som syner at det kan vere gjennomskineleg. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | CaSO4·2H2O | ||
Strunz-klassifisering | 07.CD.40 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 5.679(5) Å, b = 15.202(14) Å, c = 6.522(6) Å; β = 118.43°; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Fargelaus til kvit; kan vere gul, gyllenbrunt, blå, rosa, brun, raudbrun eller grå på grunn av ureinleikar | ||
Krystallform | Massiv, flat. langstrekte og generelt prismatiske krystallar | ||
Krystallsystem | Monoklin 2/m – prismatisk | ||
Tvilling | Særs vanleg på {110} | ||
Kløyv | perfekt på {010}, tydeleg på {100} | ||
Brot | Muslig på {100}, splintra parallell til [001] | ||
Fastleik | Fleksibel, uelastisk. | ||
Mohs hardleiksskala | 1.5–2 (defining mineral for 2) | ||
Glans | glasaktig til silkeaktig, perleaktig, eller voksaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.31–2.33 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.519–1.521 nβ = 1.522–1.523 nγ = 1.529–1.530 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.010 | ||
Pleokroisme | Ingen | ||
2V-vinkel | 58° | ||
Smeltbarheit | 5 | ||
Oppløyselegheit | Varm, fortynna saltsyre | ||
Kjelder | [1][2] |
Gips blir særleg danna ved inndamping av sjøvatn. Det kan òg dannast ved vulkansk aktivitet (varmekjelder), ved oksidasjon av sulfidhaldig malm og som efflorescens i jord eller kalksteinsholer.[4]
Velkrystallisert gips blir kalla selenitt. Ein fibrig variant blir kalla silkespat, medan tett, finkorna gips er kjend som alabast.[4]
Det finst gips i Noreg i mindre mengder i sprekker i alunskifer i Oslofeltet og einskilde kisførekomstar i Løkken og Sulitjelma. Det finst òg i Søftestad gruver i Telemark. Ein finn også materialet [å Spitsbergen, der det er utbreidd i sedimentlag frå karbon og permtida.[4]
I verda vert det produsert kring 90 millionar tonn gips per år. Dei største produsentane er USA, Canada, Iran, Kina og Japan.[4]
Kjelder
endre- ↑ Gypsum in Handbook of Mineralogi
- ↑ Gypsum at Mindat
- ↑ Klein, Cornelis; Hurlbut, Cornelius S., Jr. (1985), Manual of Mineralogy (20. utg.), John Wiley, s. 352–353, ISBN 978-0-471-80580-9
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Raade, Gunnar (16. januar 2013). «Gips». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.