Halifax
Halifax er provinshovudstad i Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 372 679, noko som gjer byen til den 13. mest folkerike i Canada.[2] Den opphavlege byen Halifax vart oppløyst i 1996 då Halifax regionalkommune vart skipa.
Halifax | |||
by | |||
Offisielt namn: Halifax Regional Municipality | |||
Motto: E Mari Merces ('Frå havet, rikdom') | |||
Kallenamn: The Queen City | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Provins | Nova Scotia | ||
Høgd | Frå 0 til 145 m | ||
Areal | 5 490,90 km² | ||
Folketal | 440 072 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1. april 1996 | ||
Tidssone | AST (UTC-4) | ||
- Sommartid | ADT (UTC-3) | ||
Retningsnummer | 902 | ||
Halifax 44°38′52″N 63°34′17″W / 44.647777777778°N 63.571388888889°W | |||
Wikimedia Commons: Halifax, Nova Scotia |
Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.
Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).
Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?DGUIDlist=2021A00031209&GENDERlist=1&HEADERlist=0&Lang=E&STATISTIClist=1&SearchText=Halifax.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 17. november 2007, henta 22. juni 2007
- Denne artikkelen bygger på Halifax (Nova Scotia) frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2007.