Opna hovudmenyen

Clarence «Mac» McDonald er ein USA-amerikansk pianist, komponist, arrangør og produsent. McDonald er kjend for det musikalske mangfaldet sitt, melodiane og rytmen.[1] Den mest kjende komposisjonen hans er Silly sungen av Deniece Williams i 1981 og Taral Hicks i 1997. I 2010 vart den instrumentale introen og mellomspelet sampla i Monica-songen «Everything To Me», som nådde toppen av R&B-lista og vart nominert til Grammy.[2] Han har arbeidd med ei lang liste musikarar som Ray Charles, Barbra Streisand, Ella Fitzgerald, Justin Timberlake, Aretha Franklin, James Taylor, Carole King, Taral Hicks, Freddy Hubbard, Nancy Wilson, Boz Scaggs, Seals & Crofts, Bill Withers og The Jackson 5.

KjelderEndra

  1. «Clarence McDonald». AllMusic. Henta 12. april 2016. 
  2. «Nominees And Winners». GRAMMY.com. Henta 12. april 2016. 

BakgrunnsstoffEndra