Opna hovudmenyen

Ray Charles

amerikansk komponist og pianist

Ray Charles Robinson (2. september 193010. juni 2004) var ein amerikansk songar-låtskrivar, musikar og komponist kjend som Ray Charles.

Ray Charles
Ray Charles (cropped).jpg
Ray Charles i 1990
Fødd23. september 1930(1930-09-23)
FødestadAlbany, Georgia, USA[1]
Død10. juni 2004 (73 år)
DødsstadBeverly Hills i USA
FødenamnRay Charles Robinson
OpphavGreenville i Florida, USA
Aktiv1947–2004
SjangerJumpblues, rhythm and blues, pianoblues, soul, blues, soulblues, jazz, vokaljazz, gospel, rock n roll, country, pop
InstrumentVokal, piano, klaverinstrument, altsaksofon, trombone
Stemmetypebaryton
PlateselskapAtlantic, ABC, Warner Bros., Swing Time, Concord, Columbia, Flashback
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, komponist, arrangør, skodespelar
PrisarPolar Music Prize, Grammy Lifetime Achievement Award, Library of Congress Living Legend, Ordre des Arts et des Lettres, Florida Artists Hall of Fame, Kennedy Center Honors, National Medal of Arts

Han var ein pioner innan sjangeren soul i 1950-åra ved å blande rhythm and blues, gospel og blues på dei tidlege innspelingane hans med Atlantic Records.[2][3][4] Han var òg med på å blande country og pop i 1960-åra med album som Modern Sounds.[5][6][7] Med kontrakt for ABC Records vart Charles ein av dei første afroamerikanske musikarane som fekk kunstnarisk kontroll av eit stort plateselskap.[3] Frank Sinatra kalla Charles «det einaste verkelege geniet i show business», sjølv Charles sjølv bagatelliserte dette.[8] Han vart blind då han var sju år gammal.

Inspirasjonskjeldene til musikken hans var hovudsakleg jazz, blues, rhythm and blues og countryartistar på den tida som Art Tatum, Nat King Cole, Louis Jordan, Charles Brown og Louis Armstrong. Spelestilen hans henta inspirasjon frå countryblues-, barrelhouse- og stride-piano.

Rolling Stone rangerte Charles på 10. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene i 2004,[9] og andreplassen på lista deira i november 2008 over dei 100 største songarane gjennom tidene.[10] Billy Joel sa «Dette kan høyrast ut som heilagbrot, men eg meiner Ray Charles var viktigare enn Elvis Presley».[11]

Innhaldsliste

Kjende songarEndra

EttermæleEndra

I 2004 vart filmen Ray, basert på livet til Ray Charles, laga. Jamie Foxx hadde hovudrollen.

KjelderEndra

  1. BiographyWayback Machine (arkivert 12. oktober 2007). Official web site. Henta September 22, 2013.
  2. Unterberger, Richie. Biography: Ray Charles. Allmusic. Henta 31. august 2014.
  3. 3,0 3,1 VH1 (2003), s. 210.
  4. «Show 15 - The Soul Reformation: More on the evolution of rhythm and blues. [Part 1] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. May 11, 1969. Henta 31. august 2014. 
  5. Guide Profile: Ray Charles. About.com. Henta 31. august 2014.
  6. Soul Survivor Ray Charles. Rolling Stone. Henta 31. august 2014.
  7. Tyrangiel, Josh. Review: Modern Sounds in Country and Western Music. Time. Henta 31. august 2014.
  8. Bronson, Fred (1997). The Billboard Book of Number One Hits (4th revised and updated utg.). New York, NY, USA: Watson-Guptill Publications. s. 98. ISBN 0-8230-7641-5. 
  9. «100 Greatest Artists of All Time. No. 10: Ray Charles». Van Morrison. Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. Henta 31. august 2014. 
  10. «100 Greatest Singers of All Time. No. 2: Ray Charles». Billy Joel. rollingstone.com. Henta 31. august 2014. 
  11. "A Tribute to Ray Charles», Rolling Stoners issue 952/953, July 8–22, 2004.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ray Charles