Opna hovudmenyen

Claudes syndrom er eit syndrom som skuldast hjernestammeslag som er kjenneteikna ved oculomotoriusparese, kontralateral[a] hemiparese, kontralateral ataksi og kontralateral hemiplagi i den nedre delen av andletet, tunga og skuldra.

Innhaldsliste

Årsak og symptomatikkEndra

 
Blodforsyning til hjernestamma. Arteria cerebri posterior er merka som nummer 6, og midthjernen ligg like bak denne.

Claudes syndrom skuldast vanlegvis infarkt av midthjernen som følgje av okklusjon av arteria cerebri posterior.[1] Lesjonen er vanlegvis eit unilateralt[b] infarkt av nucleus ruber og pedunculus cerebri som påverkar delar av midthjernen:

Skadd struktur Verknad
fibrae dentatorubrales kontralateral ataksi
pyramidebanefibrar kontralateral hemiparese
fibrar i tractus corticonuclearis kontralateral hemiplegi av nedre andletsmusklar, tunge og skulder
fibrar i nervus oculomotorius ipsilateral[c] oculomotoriusparese med hengande augelok (blefaroptose) og fiksert pupill som er vid og peikar nedover og utover, ofte med diplopi

Claudes syndrom liknar veldig på Benedikts syndrom.

Andre årsakerEndra

Stenose av arteria cerebri posterior kan mogelegvis utløyse Claudes syndrom.[2]

HistorieEndra

Syndromet er oppkalla etter Henri Charles Jules Claude, ein fransk psykiater og nevrolog, som skildra tilstanden i 1912.[3]

Sjå ògEndra

MerknadarEndra

  1. kontralateral – som er tilknytt den motsette sida, til dømes eit hjerneslag i høgre hjernehalvdel som fører til kontralateral paralyse av venstre fot
  2. unilateral – einsidig, som er tilknytt eller råkar berre ei side, til skilnad frå bilateral (tosidig), som råkar to sider (t.d. begge sider av kroppen), og multilateral (fleirsidig), som råkar fleire sider (t.d. undersida, oversida og den utoverpeikande sida av handa)
  3. ipsilateral – samsidig, som er tilknytt eller råkar den same sida

KjelderEndra

  1. Claude's syndrome General Practice Notebook. Vitja 28. mars 2015.
  2. Dhanjal T, Walters M, MacMillan N (2003). «Claude's syndrome in association with posterior cerebral artery stenosis». Scottish Medical Journal 48 (3): 91–92. 
  3. Claude H, Loyez M (1912). «Ramollissement du noyau rouge». Rev Neurol (Paris) 24: 49–51.