Claudia Giordani (fødd 27. oktober 1955) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Milano som vann sølvmedaljen i slalåm under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.

Claudia Giordani

Statsborgarskap Italia
Fødd 27. oktober 1955 (68 år)
Roma
Yrke alpinist
Språk italiensk
Høgd 165 centimeter
Far Aldo Giordani
Mor Francesca Cipriani
Claudia Giordani på Commons

Aktiv endre

Giordani slo seg inn i den alpine verdseliten på tampen av 1973-sesongen. Sesongen etter vann ho eit storslalåmrenn i franske Les Gets og tok sin fyrste siger i verdscupen i alpine greiner. Seinare, i februar 1977 og mars 1980, steig ho til topps i to slalåm-tevlingar i verdscupen. I alt stod ho 17 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.

Under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck 1976 sikra Giordani seg sølvmedaljen i slalåm, berre den store forgrunnsfiguren under leikane, tyske Rosi Mittermaier, rann betre.

Kjelder endre