Claudio Suárez
meksikansk fotballspelar
Claudio Suárez (fødd 17. desember 1968 i Texcoco) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar. Han spelte i forsvar, og er den spelaren som har flest landskampar for Mexico, 178 i alt. Det gjer han til den utespelaren i verda med flest landskampar; berre målvakta Mohammed Al-Deayea har fleire med 181. Suárez skåra 6 landslagsmål. Han deltok i tre VM for Mexico: i 1994, 1998 og 2006. Han spelte for UNAM, Guadalajara, UANL og Chivas USA, og la opp i 2006.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 17. desember 1968 (55 år) | ||
Fødestad | Texcoco i Mexico | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1988–1996 1996–2000 2000–2005 2006–2009 |
Pumas de UNAM Guadalajara Tigres Chivas USA |
204 (19) 144 (10) 143 (15) 64 (9) | |
1988-2009 | Totalt | 555 (53) | |
Landslag | |||
1992–2006 | Mexico | 178 (6) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. juni 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 26. juni 2011 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Claudio Suárez» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2020.
- National-football-teams