Claus Bendeke

embetsmann og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Claus Bendeke (3. desember 176329. mai 1828) var ein norsk embetsmann og eidsvollsmann.[1]

Claus Bendeke

Claus Bendeke på ein kopi av Christian Olsen
Fødd3. desember 1763
VangHedemarken
Død29. mai 1828 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeAmtmann
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • vararepresentant til Stortinget (1815–1817)
  • fylkesmann i Hedmark (1804–1816) Sjå dette på Wikidata

Bendeke var fødd i Vang i Hedmark, der faren hans var sorenskrivar. Han vart cand. jur. i 1788. Deretter var han handelsinspektør for kvalfangsten og handelen i handelskolonianeGrønland. Som Danmarks inspektør var han den som innførte bruken av pengar på Grønland. Frå 1801 laga han kredittsetlar som avrekning til kvalfangarane. Setlane var enkelt laga, Bendeke sjølv laga dei av spelkort.[2]

År 1804 vart Bendeke amtmann i Hedemarkens amt. Ni år seinare vart han pålagd i å få orden på forretningane sine, gjekk av i 1816. Han byrja då som assessor i Kristiansands stiftsoverrett, justitiarius for denne i 1823.

I 1814 var Bendeke utsending frå Hedmark til riksforsamlingaEidsvoll.[3][4] Han høyrde til sjølvstendepartiet, og var visepresident 2.-9. mai 1814.

Han døydde i Kristiansand i 1828.

Referansar endre

  1. Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 65
  2. Peter Flensborg (1979). «Grønlandske pengesedler og deres forløbere». Peter Flensborg - Mønter og Medaljer. Arkivert frå originalen 22. juni 2007. Henta 15.03.2008. 
  3. Biografisk informasjon om Claus Bendeke NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  4. «Claus Bendeke». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017.