Cleopa Msuya

tanzaniansk politikar

Cleopa David Msuya (fødd 4. november 1931) er ein tanzaniansk politikar som var visepresident i landet frå 1994 til 1995. Før det var han statsminister i Tanzania i to periodar, fyrste gong frå 1980 til 1983, andre gong frå 1994 til 1995.

Cleopa Msuya

Fødd4. november 1931 (92 år)
Kilimanjaro
Statsborgar avTanzania
Yrkepolitikar
Utdanna vedMakerereuniversitetet
VervStatsminister i Tanzania 7. november 1980–24. februar 1983
FøregangarEdward Sokoine
EtterfylgjarEdward Sokoine
VervStatsminister i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995
FøregangarJohn Malecela
EtterfylgjarFrederick Sumaye
VervVisepresident i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995
FøregangarJohn Malecela
EtterfylgjarOmar Ali Juma
Alle verv
  • Tanzanias statsminister (1980–1983)
  • Tanzanias statsminister (1994–1995)
  • Tanzanias visepresident (1994–1995)
  • medlem av Tanzanias nasjonalforsamling
  • Minister of Finance Sjå dette på Wikidata

Msuya studerte ved Makerere universitet i dagens Uganda frå 1952 til 1955, og jobba med sosial utvikling på landsbygda frå 1956 til 1964. Frå 1972 til 1975 var han finansminister i Tanzania, og vart industriminister i 1975. Etter å ha vore industriminister i fem år fekk han den fyrste statsministerperioden sin frå 1980 til 1983, under Julius Nyerere, den fyrste presidenten i Tanzania. Etter det vart han finansminister igjen fram til 1990, då han vart industri- og handelsminister.

I desember 1994 vart Msuya statsminister for andre gong, og var samstundes visepresident i Tanzania, til november 1995. Han pensjonerte seg i 2000.