John Malecela
tanzaniansk diplomat og politikar
John Malecela (fødd 19. april 1934) er ein tanzaniansk politikar som var visepresident og statsminister i Tanzania samstundes frå 1990 til 1994, under president Ali Hassan Mwinyi. Frå 1995 til 2007 var han nestleiar for regjeringspartiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og er framleis medlem i sentralkomiteen i partiet. Han var den permanente representanten frå Tanzania til FN mellom 1964 og 1966, og i 1967 var han den tanzanianske ambassadøren til Etiopia og Organisasjonen for afrikansk eiskap (OAU). Frå 1972 til 1973 var han utanriksminister i Tanzania.
John Malecela | |||
| |||
Fødd | 19. april 1934 (90 år) Dodoma | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tanzania | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | University of Mumbai University of Cambridge University of Texas | ||
Ektefelle | Anne Kilango Malecela | ||
Barn | Mwele Ntuli Malecela | ||
Verv | Visepresident i Tanzania 9. november 1990–7. desember 1994 | ||
Føregangar | Joseph Sinde Warioba | ||
Etterfylgjar | Cleopa Msuya | ||
Verv | Statsminister i Tanzania 9. november 1990–7. desember 1994 | ||
Føregangar | Joseph Sinde Warioba | ||
Alle verv |
Malecela har utdanning i handelsverksemd frå University of Bombay og University of Cambridge, og fekk eit æresdoktorat frå University of Texas i 1977.