Cleveitt er ein varietet av uraninitt som omfram uranoksid inneheld opp til 10 % lantanoidar pluss thorium, bly, vatn osv. Det vart først skildra frå Arendal, og er seinare funne på fleire pegmatittgangar mellom Bamble og Rogaland. Det er kalla opp etter den svensken kjemikaren Per Teodor Cleve.

Cleveitt var den første kjende kjelda til helium på jorda, som vert skapt over tid via alfanedbryting av uran og vert akkumulert og fanga i mineralet. Den første prøven med helium vart henta ut av William Ramsay i 1895 då han nytta syre på ein prøve av mineralet.[1] Cleve og Abraham Langlet klarte å isolere helium frå cleveitt omkring same tid.

Yttrogummitt er ein varietet av clevitt som òg er funnen i Noreg.

Kjelder endre

  1. http://www.archive.org/details/becquerelraysthe00raylrich Rayleigh, Robert and John Strutt, 1904, The Becquerel rays and the properties of radium, London, E. Arnold