Club Brugge KV

(Omdirigert frå Club Brugge)

Club Brugge Koninklijke Voetbalvereniging, vanlegvis kalla Club Brugge er ein fotballklubb i Brugge i Belgia. Klubben vart skipa i 1891 og har sidan 1959 årleg spela i belgisk toppdivisjon.

Eit sjal med klubbmerket til Club Brugge

To gongar har klubben kvalifisert seg til finalen i dei europeiske fotballturneringane. I 1976 vart det tap 3-4 i UEFA-cupen etter heime-/bortekamp mot Liverpool FC. To år seinare vart på ny tap for Liverpool, då med 0-1 i europacup-finalen. Club Brugge har vunne 13 seriemeisterskap, det fyrste i 1920, det andre i 1973 og det siste i 2005. I tida 1968-2007 sigra klubben i ti nasjonale cupmeisterskap.

Club Brugge spelar heimekampane på Jan Breydelstadion, eit stadion klubben deler med byrivalen Cercle Brugge. Her det plass til 29 472 tilskodarar. Laget spelar i blå- og svartstripete trøyer og svarte bukser.

Nordmannen Trond Sollied var trenar for Club Brugge i tida 2000-05.

Kjelder endre