CoCom er eit akronym for Coordinating Committee for Multilateral Export Controls. CoCom vart etablert i 1947 under den kalde krigen for å gjennomføra ein boikott av eksporten i vestlege land til land i Austblokka CoCom hadde 17 medlemsland: Australia, Belgia, Canada, Danmark, Frankrike, Hellas, Italia, Japan, Luxembourg, Nederland, Noreg, Portugal, Spania, Storbritannia, Tyrkia, Tyskland og USA, i tillegg var det ei rekkje samarbeidsland som Finland, Irland, New Zealand, Sverige, Sveits og Austerrike.

Brot på reglene endre

I 1987 vart det avslørt at det japanske firmaet Toshiba Machine Company saman med Kongsberg Våpenfabrikk hadde levert åtte datastyrte dreiebenker til Sovjetunionen mellom 1982 og 1984, ein handel som krenkte CoCom sine reglar. I USA vart det argumentert med at denne teknologien sterkt forbetra evna til sovjetiske ubåtar til å unngå å oppdagast, noko som igjen førte til høge kostnader for USA for å forbetra sin eigen teknologi. I 1988 tok den amerikanske kongressen initiativ til å innføra sanksjonar mot Toshiba og forby import av Toshiba-produkt til USA. I Noreg var dette ei medverkande årsak til Kongsberg Våpenfabriks oppsplittelse og konkurs.

Oppløysing endre

CoCom vart oppløyst på 31. mars 1994.

Kjelder endre