Col de Joux Plane

x

Col de Joux Plane er eit 1 712 m[2] høgt fjellpass i Département Haute-Savoie. Ein kløvsti går over det eigentlege passet.

Col de Joux Plane
Col de Joux Plane, blikk mot vest. Det høgaste punktet ligg opp til høgre.
Col de Joux Plane, blikk mot vest.
Det høgaste punktet ligg opp til høgre.

Col de Joux Plane, blikk mot vest.
Det høgaste punktet ligg opp til høgre.

Nord Sør
Passhøgd 1 712 m
Département Haute-Savoie
Vasskilje Namnlaus bekk → Dranse de MorzineDranseRhône Ruisseau du Plonet[1]ValentineGiffreArveRhône
Stader Morzine Samoëns
Samband D 354
Sperre Vinter
Fjellområde Alpane
Profil
Klatrekategori HC
Stigning (snitt) 7,4 % (750 m / 10,2 km) 8,5 % (989 m / 11,6 km)
Kart (Haute-Savoie)
Col de Joux Plane (Frankreich)
Col de Joux Plane (Frankreich)
Col de Joux Plane
Col de Joux Plane
Koordinatar 46° 7′ 58″ N, 6° 42′ 41″ AKoordinatar: 46° 7′ 58″ N, 6° 42′ 41″ A

Den smale vegen D 354 passerer rett sør for det høgste punktet og når ei høgd på 1 691 m.[2] Skiltet ved passhøgda viser ei høgd på 1 700 m.[3]

Vegen knyter saman tuirstsenteret Morzine i nord med Giffredalen og Samoëns i sør. Rett nord for det høgste punktet på vegen ligg Lac du Col de Joux Plane, eit om lag 280 meter langt og grunt vatn med ein stor holme.

Sykkelsport

endre

Col de la Joux Plane blei første gong sett opp på Tour de France-programmet i 1978, og har sidan vore med 10 gonger.[4] Trass den låge høgda på 1 691 moh. og ei stigning på berre 989 høgdemeter klassifiserer arrangørane stigninga opp som Hors catégorie, dvs. den hardaste kategorien et fjell har i Tour de France. Sørsida har over 11,6 km ei gjennomsnittleg stigning på 8,5. Etappan har vanlegvis målgang i Morzine, på nordsida, slik at Joux Plane har noko av dramaturgien til målgang på slutten av stigningar..

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre