World Geodetic System 1984
World Geodetic System 1984 (WGS 84) er eit geodetisk referansesystem som blir nytta som det einskapelege grunnlaget for posisjonsfastsetting på jorda og det jordnære verdsrommet.
WGS 84 frå 1984 er gjeldande revisjon; tidlegare revisjonar var WGS 72, WGS 64 og WGS 60.
Det satellittbaserte navigasjonssystemet GPS er blant anna basert på WGS 84, og alle nye norske kart blir laga etter dette referansesystemet.
Komponentar
endreSystemet er bygd opp av:
- Ein referanseellipsoide som på enklast og best mogleg måte er tilpassa jordoverflata slik at den kan brukast til å gje posisjonar med geografisk lengde og breidde.
- Ein detaljert modell av jordforma, som jo avvik frå den idealiserte forma – ein såkalla geoide. Den gjeldande er EGM96 (Earth Gravitational Model 1996).
- Eit sett med dei tredimensjonale koordinatane til tolv fundamentalstasjonar som er spreidde over jorda for å skape ei på jordbasert forankring av modellen over.
Bakgrunnsstoff
endre- NIMA Technical Report TR8350.2 Arkivert 2017-07-04 ved Wayback Machine. Department of Defense World Geodetic System 1984, Its Definition and Relationships With Local Geodetic Systems, Third Edition, National Geospatial-Intelligence Agency. Den offisielle versjonen av standarden WGS 84.
- Nettside om gravitasjonsmodellar for jorda.
- NASA nettside over jordgravitasjon.
- Hvordan WGS 84 definerer Jorden Arkivert 2015-10-30 ved Wayback Machine.
- EUROCONTROL – European Organization for the Safety of Air Navigation; WGS 84 Implementation Manual, Version 2.4; February 12, 1998 Arkivert 2012-09-07 ved Wayback Machine.
- Get Coordinate, Wikipedia Koordinaten ermitteln und einfügen Arkivert 2012-11-17 ved Wayback Machine.