Colchagua-provinsen
Provinsen Colchagua er ein av dei tre provinsane som O'Higgins-regionen i Chile er delt inn i. Mot vest grensar han mot Cardenal Caro-provinsen, i nord mot Cachapoal-provinsen, i aust mot Argentina. I sør ligg Curicó-provinsen i Maule-regionen.
Colchagua | |||
provins | |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | San Fernando | ||
Areal | 5 678 km² | ||
Type | Provins | ||
Folketal | 222 556 | ||
Colchagua-provinsen 34°41′00″S 71°09′00″W / 34.683333333333°S 71.15°W | |||
Plassering av Colchagua-provinsen innanfor O'Higgins-regionen
| |||
Wikimedia Commons: Colchagua Province |
Colchagua har eit areal på 5678 km² og har ein folkesetnad på 222 556 innbyggjarar (2017).
Colchagua er delt inn i ti kommunar inkludert provinshovudstaden San Fernando.
Provinsen strekkjer seg over Valle Central i Chile, og har eit stort område vigd til tradisjonelt landbruk og vindyrking. Dei viktigaste elvane er Rapel-elva med sideelva Tinguiririca. Den statlege sentralbanen frå Santiago i sør kryssar provinsen og har eit regelmessig stopp i San Fernando. Linja pleidde å ha ei grein som gjekk frå San Fernando via Palmilla til Pichilemu ved kysten. Denne linja er no stengd, sjølv om ein del av han nyleg har opna ei avgrensa teneste retta mot turistnæringa.
Den meir lokalet Metrotrén-tjenesta går mellom Santiago og San Fernando og stoppar ved dei fleste av byane i mellom. Det går hyppige tog mellom desse to punkta.
Den panamerikanske hovudvegen går gjennom San Fernando-kommunen, og passerer nær austsida av byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Colchagua Province» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2023