Colin Bell
Colin Bell (26. februar 1946–5. januar 2021) var ein engelsk fotballspelar, fødd i Hesleden i County Durham. Mellom 1966 og 1979 spelte han 394 ligakampar for Manchester City og skåra 117 ligamål. Saman med midtspissen Francis Lee og Mike Summerbee danna han over fleire sesongar ein suksessrik angrepstrio for Manchester City. Bell, ein offensiv midtbanespelar, spelte mellom 1968 og 1975 48 landskampar for England og skåra ni mål.
Colin Bell | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 26. februar 1946 Hesleden |
Død | 5. januar 2021 (74 år) Manchester |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970, EM i fotball 1968 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Merittar
endre- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1970 med Manchester City
- Engelsk ligameister: 1968 med Manchester City
- Vinnar av FA-cupen: 1969 med Manchester City
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1970, 1976 med Manchester City
- Finalist i den ngelske ligacupen: 1974 med Manchester City
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Colin Bell» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2015.