Cupvinnarcupfinalen i fotball 1970

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1970 fann stad på Praterstadion i Wien 29. april 1970, framfor 7 968 tilskodarar. Manchester City vann finalen, den 10. i sitt slag, med siffera 2-1 mot polske Górnik Zabrze.

Kampen endre

Neil Young gav Manchester City leiinga i det 12. minutt etter ein retur frå Górnik-målvakta. I det 43. minutt la Francis Lee på til 2-0 på eit straffespark. Stanisław Oślizło reduserte til 1-2 midtvegs i den andre omgangen, noko som vart sluttresultatet.

Paul Schiller frå Austerrike dømde kampen.

Laga endre

Manchester City sitt vinnarlag bestod av: Joe Corrigan, Tony Book (kaptein), Tommy Booth, George Heslop, Glyn Pardoe, Mike Doyle, Alan Oakes, Tony Towers, Colin Bell, Francis Lee og Neil Young. Doyle vart skadd midt i den fyrste omgangen og vart erstatta av Ian Bowyer.

Górnik Zabrze mønstra: Hubert Kostka, Jerzy Gorgoń, Stefan Florenski, Stanisław Oślizło (kaptein), Alfred Olek, Henryk Latocha, Erwin Wilczek, Zygfryd Szołtysik, Jan Banaś, Włodzimierz Lubański og Władysław Szaryński. Hubert Skowronek og Alojzy Deja fekk sjansen frå det 75. og 85. minutt, ut gjekk Wliczek og så Florenski.

Kjelder endre