Coloradopartiet
Coloradopartiet, eigentleg Asociación Nacional Republicana (ANR), men mest kjent under namnet Partido Colorado, er eit politisk parti i Paraguay. Partiet blei skipa den 11. september 1887 av Bernardino Caballero.
Coloradopartiet | |||
![]() | |||
Skipa | 11. september 1887 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Asunción | ||
Leiar | Lilian Samaniego | ||
Ideologi | nasjonalkonservatisme | ||
Nettstad | http://www.anr.org.py/ ![]() |

Coloradopartiet styrte landet i periodane 1887–1904 og 1946–2008. Frå 1947 til 1962 var partiet det einaste tillatne partiet i Paraguay og utgjorde, saman med militæret, grunnlaget for Stroessner-regimet.
I presidentvalet i april 2008, tapte presidentkandidaten til partiet Blanca Ovelar kampen mot Fernando Lugo.[1][2] Dimed blei eit 62 år langt hegemoni brote, noko som var verdsrekord (to år lengre enn Kinas kommunistparti).[3]
I 2018 vann Mario Abdo Benítez frå Coloradopartiet presidentvalet, og i 2023 blei han avløyst som president av Santiago Peña, som også stilte for Coloradopartiet.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Ex-biskop president i Paraguay»[daud lenkje], Dagen (Sverige), 21. april 2008.
- ↑ «Fernando Lugo blir Paraguays näste president», Dagens Nyheter, 21. april 2008.
- ↑ «Splittring ger oppositionen fördel»[daud lenkje], Sydsvenskan, 18. april 2008.
- ↑ «Santiago Pena, Paraguay's new president, faces tricky balancing act». Reuters. 15. august 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Coloradopartiet» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2023.