Columbiaelva
Columbiaelva er ei 2 000 kilomter lang elv nordvest i Nord-Amerika. Elva har kjelder i Rocky Mountains i Britisk Columbia i Canada. Ho renn mot nordvest og deretter sørover inn i den USA-amerikanske delstaten Washington, vender deretter vestover der ho dannar mesteparten av grensa mellom Washington og delstaten Oregon før ho renn ut i Stillehavet.
Columbiaelva | |||
elv | |||
Land | Canada, USA | ||
---|---|---|---|
Columbiaelva 50°13′00″N 115°51′00″W / 50.2167°N 115.85°W | |||
Wikimedia Commons: Columbia River |
Nedbørsfeltet til Columbiaelva er kring 670 000 km². Ho er den fjerde største elva i USA målt i vassmegnd. Største sideelva er Snake River.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Columbia River» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2023.