Stridstrenbataljonen

Stridstrenbataljonen (STRBN) er ein taktisk kampstøttebataljon i Brigade Nord. Avdelinga er Hærens forsynings- og transportavdeling, og leverer logistisk kampstøtte for å sikra at bataljonane held ut i strid. Stridstrenbataljonen er utstyrt med ei rekke ulike køyretøy som skal bidra til effektiv logistikk for Brigade Nord. Dette inneber etterforsyning av mat, vatn, drivstoff og ammunisjon til bataljonane i strid. I tillegg bidreg bataljonen med vedlikehald av materiell og berging av andre militære køyretøy.

Stridstrenbataljonen
Land Noreg
Aktiv1. mai 2004–[1]
Grein Hæren
Type Bataljon
RolleTren
Storleik550 soldatar
Del av Brigade Nord
Garnison/HKRusta leir
KallenamnSTRBN, CSS-bn
Beretflash

Bataljonen held til ved Rusta leir i Bardufoss, men har òg eit HRS-kompani på Rena leir i Østerdalen. Avdelinga består av om lag 330 vernepliktige og 200 tilsette.[2] Mykje av befalet i avdelinga har gått teknisk linje ved Hærens befalsskole.

Oppgåver endre

Heile bataljonen opererer stort sett med køyretøy som beltevogner, personbil, lastebil, vogntog og eit fåtal hjullastarar. Avdelinga utdannar soldatar i berging av andre militære køyretøy, forsyning av ammunisjon og proviant, reparasjon og transport av store militære køyretøy. Bataljonen har eit stort behov for soldatar med teknisk kompetanse, som til dømes bilmekanikarar og teknikarar.[3] Enkelte av soldatar tek sertifikat for å operera køyretøya. Forsvarets kjøreskole, som også er forlagt ved Rusta leir, har ansvaret for teknisk utdanning av personellet i Brigade Nord.

Mykje av utdanninga som Stridstrenbataljonen tilbyr er ettertrakta – både elles i Forsvaret, men også sivilt.

Organisasjon endre

Stridstrenbataljonen er fordelt på fire kompani og er administrert leia av bataljonsstaben. Sjef for bataljonen er oberstløytnant Stein Grongstad.

  • Kp 1 held til på Rena leir og er eit heilprofesjonelt kompani med befal og verva. Kompaniet er ein del av samvirkesystemet rundt Telemark bataljon, og ein del av hurtig reaksjonsstyrke (HRS).
  • Kp 2 støttar hovudsakleg 2. bataljon når kompaniet er sett på feltfot.
  • Kp 3 støttar Panserbataljonen.
  • Kp 4 er det største kompaniet som støttar resten av bataljonen, i tillegg til dei øvrige bataljonane i Brigade Nord. Kompaniet består av vedlikehalds-, tungtransport-, transport-, og servicetropp.[4] Tungtransport–troppen (TT) fraktar det tyngste av det tyngste på sine 6-aksla semitilhengarar.

Kjelder endre

  1. ««Stridstrenbataljonen»». Store Norske Leksikon. Henta 2. juli 2017. 
  2. ««Organiasjon: Stridstrenbataljonen»». Forsvaret. Henta 20. oktober 2017. 
  3. ««Karriere: Stridstrenbataljonen»». Forsvaret. Henta 10. juli 2017. 
  4. Sivesind, Henrik Opedal (2015), «Utvidelse av førstegangstjeneste for vernepliktige soldater» (PDF), Krigsskolen, s. 6–9, arkivert frå originalen (PDF) 22. oktober 2017, henta 5. august 2017