Comet Kid var ei norsk musikkgruppe frå Oslo, som bestod av Alexander Hoddevik (gitarist), Andreas Kjøll (vokal), Philip Fjellberg Wibe (første trommeslagar), Svein Inge Bjørkedal (trommer), Theodor Peterson (kontrabass) og Hogne Aasjord (keyboard).[1] Musikken deira er ei blanding av folk og rock, med innslag av pop og soul.

Comet Kid
OpphavOslo, Noreg
Aktiv2013–2018
SjangerFolkrock, pop, soul
Siste medlemmerAlexander Hoddevik
Andreas Kjøll
Theodor Peterson
Svein Inge Bjørkedal
Hogne Aasjord

Gruppa har spelt på norske festivalar som Øyafestivalen og Vinjerock. Debutalbumet Roots kom ut i 2014,[2] etterfølgt av albuma Forces of Nature i 2015 og Halley i 2016. Gruppa vann i 2015 to prisar i musikkmagasinet GAFFA, i kategoriane «årets norske album» og «årets norske gruppe».[3]

Comet Kid la opp i 2018, og spelte sin siste konsert på Rockefeller i Oslo den 25. mai 2018.[4]

Diskografi

endre

Album og EP-ar

endre
  • 2014: Roots
  • 2015: Forces of Nature
  • 2016: Halley
  • 2016: Acoustic Sessions

Singlar

endre
  • 2013: «Run to the River»
  • 2014: «Diamonds»
  • 2015: «Sweet Love»
  • 2015: «When I'm Dead»
  • 2015: «Summer Is Ready»
  • 2016: «Feelings»
  • 2017: «Beaten»
  • 2018: «Like a Storm»
  • 2018: «To Be Alone»

Kjelder

endre
  1. «Prisdryss for gutta i Comet Kid». GAFFA. 5. januar 2016. Henta 21. mars 2020. 
  2. «Comet Kid – Roots». musikknyheter.no. 21. januar 2014. Henta 20. august 2014. 
  3. «Comet Kid er på utkikk etter nye talenter». GAFFA. 16. februar 2016. Henta 21. mars 2020. 
  4. «Andreas Kjøll: – Det er en hymne til kjærligheten». Rakkestad Avis. 17. mars 2018. Henta 20. mars 2020.