Opna hovudmenyen

Koordinatar: 61°22′26″N 8°17′51″E

Festivalområdet i 2008
Foto: Håkon Thingstad
Kaizers Orchestra på Vinjerock i 2008.
Foto: Håkon Thingstad

Vinjerock er ein rockefestival som har vorte halden årleg på Eidsbugarden ved vestenden til Bygdin i Jotunheimen sidan 2006. Festivalen går over tre dagar fyrste helga i august, og festivalområdet ligg på 1060 moh.

Artistar som Bigbang, Madrugada, Thomas Dybdahl, Marit Larsen og DumDum Boys har spela på festivalen. Ved sidan av konsertar, får festivalgjengarane høve til å bruke den omliggjande fjellheimen, med tilbod som mellom anna guida toppturar og sandvolleyball.

FestivalnamnetEndra

Festivalen har namn etter diktaren, journalisten og fjellmannen Aasmund Olavsson Vinje, som var den første som bygde seg hytte på Eidsbugarden i 1868. Det var Vinje som gav dette fjellområdet namnet Jotunheimen.

HistorieEndra

Festivalen vart halden for fyrste gong i august 2006, med artistar som DumDum Boys, Thomas Dybdahl, Minor Majority og Ken Hensley på scena. Vinjerock vart det året kåra til årets norske rockefestival av Norsk Rockforbund.

I 2007 hadde festivalen artistar som Bigbang, Sivert Høyem, Johndoe og Blood, Sweat & Tears.

I 2008 hadde Vinjerock artistar som Madrugada, Kaizers Orchestra, Animal Alpha, Valkyrien Allstars og Snuff Grinders, som innehald delar av Frikar som vann MGP med Alexander Rybak i 2009. 2008 var og fyrste året Vinjerock kunne skilte med økonomisk overskot.

I 2009 hadde festivalen artistar som Marit Larsen, Tommy Tokyo, CC Cowboys, Stein Torleif Bjella og Bo Kaspers Orkester.

BakgrunnsstoffEndra