Karve
Karve (Carum carvi) er ein toårig skjermplante og krydderplante. Planten er vanleg og veks vilt i Noreg. Elles har arten ei sirkumpolar utbreiing.
Karve | |
Karve | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Underfamilie: | Apioideae |
Slekt: | Carum |
Art: | Karve C. carvi |
Vitskapleg namn | |
Carum carvi |
Planta er kring 40 cm høg med greina stengel og lysgrøne 2-3-dobbelt finna blad med sitjande finnar. Øvre stengelblad har to små finna blad ved grunnen av gladslira. Karve har kvit eller raudleg blomster. Frukta er 4 mm lang. Karve blømer kring juni månad i turre bakkar nær og på dyrka mark.
Både rota og blad har vore brukt til mat. Frøa vert brukt som krydder, og er viktige smakssetjarar i akevitt, surkål og pultost. Dei unge blada blir kalla «karvekål» og kan brukast som spinatvekst.
Karve har òg vore brukt som medisin.
Kjelder
endre- Karve, Urter i litteraturen ved Aust-Agder-Arkivet
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karve
- Karve, Urter i litteraturen ved Aust-Agder-Arkivet
- Den virtuella floran - karve
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.