Compiègne
Compiègne er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oise. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Compiégnois.
Compiègne | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Oise | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
53,10 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
41 254 777/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 41 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 60200 | ||
Heimeside: www.mairie-compiegne.fr |
Historie Endra
I 665 vart den heilage Wilfrid konsekret til biskop av York her av biskop Agilbert av Paris. I februar 888 vart Odo, greve av Paris og kongen av frankarane krona i Compiègne. 23. mai 1430, under hundreårskrigen, vart Jeanne d'Arc fanga av burgundarar medan ho prøvde frigje Compiègne. Dei selde ho så til engelskmennene. I 1630 prøvde Marie de' Medici å seia opp Kardinal Richelieu, noko som førte ho i eksil til Compiègne og vidare til Brussel i 1631.
I 1918 vart våpenkvileavtalen som førte til slutten på den første verdskrigen signert i Rethondes nær Compiègne. I 1940 vart ein annan våpenkvileavtale signert mellom Nazi-Tyskland og Frankrike i Rethondes, same stad som i 1918, i same jernbanevogn.
I 1968 vart startpunktet i sykkelløpet Paris-Roubaix flytta frå Paris til Compiègne.